Bakgrunn for rehabilitering av nakken etter nakkeskade:

Nakken er den mest fleksible delen av ryggrada. Han er bygd slik at hovudet kan vendast i omtrent alle retningar. Men fleksibiliteten gjer også dette området ekstra utsatt for skade.

Det er tre hovedformer for skade som kan oppstå i ei nakkeskadeulukke: Muskelskade, nerveskade og leddskade, som alle kan oppstå når nakken blir overstrekt. Likevel kjenner ein ikke til akkurat kva skadane består av hos dei som får kroniske plager.

Årlig vert det meldt inn ca. 5.000 nakkeslengskader til norske forsikringsselskap. Landsforeningen for nakkeskadde meiner talet er mykje høgare fordi mange blir skada på andre måtar enn i biluhell. Dei opererer med eit anslag på 26.000 nakkeskadar i Norge kvart år. Av desse blir omlag 1.300 varig invalidiserte og 400 blir heilt arbeidsuføre.

Kva er annleis med behandlinga ved Firda fysikalsk-medisinsk senter?

Nesten alle pasientar som kjem til Firda fysmed har vore sjuke i mange år. Dei fleste har prøvd ulike behandlingsformer. Omkring halvparten av dei har opplevd å bli sendt til psykolog, psykiater eller nevrolog. Dei føler at dei er gjevne opp av behandlingsapparatet og dei påfører samfunnet store trygdeutgifter.

Ved Firda fysikalsk-medisinsk senter legg vi vekt på at problema ofte er av fysisk art.

Vi meiner at når leddbanda og muskulaturen i nakken blir svekka, klarer ikkje lenger nakken å bære vekta av hovudet. Musklane blir overanstrengde og smertene kjem.

Dersom ein finn ut kvar funksjonsendringa/ skaden sit, er det mogeleg å lage eit treningsopplegg som styrkjer dei leddnære musklane i området, og på denne måten kompensere for forandringane i leddbanda.

Firda fysmed er det einaste senteret i Norge som kan tilby diagnostisering og rehabilitering av nakkefunksjon etter nakkeskade i standardisert testutstyr, som er vitskapleg dokumentert.

Vi meiner det er svært viktig at all manuell behandling kjem til rett tid, med rett val av teknikk. Over tid har ein registrert overdimensjonerte tiltak, ofte til feil tid m.h.t. manipulasjonar, uttalte blautdelsteknikkar og feilslegne treningsmodellar. Desse behandlings- og treningsteknikkane kan då ofte være mer til skade enn gagn.

Trening i MCU, manuell behandling og treningstiltak krev individuell oppfølging. Det betyr at ein terapeut må følgje deg hele tida for å sørge for best mogeleg gjennomføring av tiltaka. Individuell oppfølging er absolutt å foretrekke, samanlikna med det å bli sette sammen i grupper, der ein i større grad må fokusere på ei gruppetilnærming i trenings- og behandlingstiltak.

Rehabilitering ved Firda fysikalsk-medisinsk senter er ein etablert behandlingsform

Aktuell rehabilitering av nakkeskader ved Firda fysikalsk-medisinsk senter er ein internasjonalt etablert undersøkings- og rehabiliteringsform. [1] og [2].

Pr. i dag eksisterer det i Norge ikkje annan dokumentert undersøkings- og behandlingsform for stabiliserande behandling for skader/endra funksjon i nakken:

Helsedepartementet gav i 2004 Sosial- og helsedirektoratet i oppdrag å foreta ein tverrfagleg gjennomgang av diagnostikk og behandlingstilbod i Norge for menneskje med nakkeslengassossierte skadar. I denne rapporten vert Firda fysikalsk-medisinsk senter som einaste norske rehabiliteringssenter omtalt med namn [3, s.25-26]. Firda fysikalsk-medisinsk senter får her positiv omtale for sitt arbeid. Vidare vert det etterlyst vitskapleg dokumentasjon også for behandlingseffekt. Konklusjonen i samme rapport seier: "I det videre arbeidet med nakkeslengassosierte nakkeskader vil de største utfordringene derfor være å fremme en kompetanseheving i primærhelsetjenesten, bedre tilbudene med sikte på tidlig behandling for å forebygge kronifisering og et styrket rehabiliteringstilbud til pasienter med kroniske plager. [3, s.32]"

Vi ser den nemnde positive omtale av Firda fysikalsk-medisinsk senter og aktuelle del av konklusjonen i klar samanheng. Dersom Norge hadde hatt tilsvarande eller betre rehabiliteringstilbod for denne pasientgruppa, ville ein vente at aktuelle stadar også ville vore oppgitt med namn. Så er ikkje tilfelle. På denne bakgrunn konkluderer vi med at denne fagleg sammensatte arbeidsgruppa ikkje fann andre rehabiliteringsstadar med spesialisert kompetanse på undersøking og behandling av denne type pasienter.

Vi viser vidare til Sosial- og helsedirektoratet sitt brev, sep. 2007, til Firda fysikalsk-medisinsk senter, med forespørsel mht prosjekt for vurdering av Firda fysikalsk-medisinsk senter sitt arbeid . Det vart så gjennomført eit pilotprosjekt i regi av UniFob Helse, Bergen. Dette forprosjektet viste til betydelege positive resultat av vårt arbeid, og konkluderte med at eit større prosjekt ville vere nyttig for den vidare utvikling. Sosial- og helsedirektoratet stilte seg positivt til dette. Pga trong økonomi i direktoratet anbefalte dei at nemnde prosjekt vart finansiert og vidareført utanfor Sosial- og helsedirektoratet.

Konklusjon

Aktuell informasjon syner at rehabilitering ved Firda fysikalsk-medisinsk senter er innanfor det norske helsevesen. I tillegg syner Sosial- og helsedirektoratet sin rapport at det ikkje eksisterer tilsvarande rehabilitering andre stader for denne pasientgruppa. Ekspertgruppa seier på side 24 i nemnde rapport: ”Det foreligger ingen nasjonale retningslinjer for behandling av pasienter med nakkesmerte, tilsvarande det som finnes for behandling av pasienter med lave korsryggsmerter”. Kun Firda fysikalsk-medisinsk senter er oppgitt med namn med hensyn til rehabilitering.

Referansar

Brukarundersøking

Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"


Les heile brukarundersøkinga her (PDF).