Nytt prisoppsett for nakkerehabilitering

Rehabilitering av rygg- og nakkeskader ved Firda fys med senter.

Firda fys med senter har vore igjennom ein svært aktiv utviklingsperiode dei siste åra mht rehabilitering av rygg- og nakkeskader/ -dysfunksjon. Tilgangen på nye metodar og utstyr i behandling og trening har vore grensesprengande. Vi ved Firda fys med senter er stolte over å vere i front mht effektiv rehabilitering.

Resultat av vår rehabilitering:

Vi ser raskare framgang i vevsregenerasjon med god funksjonsauke etter nakkerehabilitering. Dette gjeld spesielt dei som kjem tidlegare til etter sin skade/ traume. Men også dei som har vore skada i mange år dreg god nytte av dei framskritt vi har gjort innan behandling og rehabilitering.

Nytt utstyr og nye metodar innan behandling og trening har ført til at vi no omorganiserer tilbodet vårt til deg. Dette fordi alle skal få tilstrekkeleg tilgang til våre metoder og fagleg hjelp.

Endringane vil gjelde alle pasienter frå og med august 2018.

Pasientar som nettopp har starta opp si rehabilitering, vil av og til ut frå ei fagleg vurdering fortsatt ha delte runder i treningssalen.

Vi ved Firda fys med senter er opptekne av gode resultat. Derfor vil vi fortsatt sette strenge krav til det tilbodet vi tilbyr deg, samt resultat av eigentrening i heimeperiodane. I fellesskap skal vi gje deg dei beste muligheiter for ei mest effektiv rehabilitering.

Tilbodet til deg vil bli lagt opp som følger:

  • Det blir ein fast dagpris – flat vekespris uten ekstra tillegg – veke 1,2,3 eller 4 veker. Ved opphald utover 4 veker vil det bli avtalt spesialpris.
  • Opplegg hos Kaale vil dekke direkte pasientoppfølging og kontorarbeid pr. pasient – 40 minutt.
    • Manuell terapi.
    • TILLEGG: MCU (nakkemaskin), kortbølge, laser klasse 4, fokusert trykkbølge-piezo wave 2, ultralyd GE E9.
  • Opplegg hos Eikenes vil dekke direkte pasientoppfølging, kontorarbeid, oppfølging i heimeperioden (telefon og mail). Du skal no ha EI runde hos Eikenes pr. dag. Før var runda delt opp i to økter. Vår erfaring etter eit prøvehalvår er at EI lengre samanhengande runde i sal gir betre resultat, samt gir betre samanhengande tid til kvile/ restitusjon for deg.
    • Saldelen vil innehalde treningsveiledning, kroppsanalyse, test/ trening av kondisjon, heimetreningsprogram, oppfølging i heimeperioden.
    • Tid i sal blir sett til maksimalt effektive 2 timer. Etter 2 timer overlet du plassen til nye pasientar. Det som kjem tidsmessig i tillegg er TNS og badstu.

Firda fys med senter ser fram mot ein svært hektisk og aktiv haust. Vi vil fortsatt arbeide hardt for ei betre diagnostisering av din skadetilstand og kunne tilby deg det beste innan rehabilitering. I tillegg vil vi forsette å arbeide ilag med våre helsemyndigheiter og rettsvesen for framgang i diagnostikk/ rehabilitering, samt individuelle rettar for betre helse.

PRIS REHABILITERING:

Ein dag hos Bertel Rune Kaale
Takst etter rekvisisjon.
Eigenandel manuell terapi A8a x 2 etter takst/ Helfo.
Kr 163,- x 2 = kr 326,-
(Har du fått frikort 2, slepp du betale eigenandel)


Kr 326,-
Tillegg: Trening i Multi Cervical Unit MCU/Laser Velas level 4
Kr 331,- x 2 = kr 662,-
(Vert ikkje dekka av trygderefusjon)
Kr 662,-
Totalt pr. dag hos Kaale Kr 988,-
Ein dag hos Inge Eikenes
Trening i sal med oppfølging her og heime / TNS / badstu.
(Vert ikkje dekka av trygderefusjon)
Kr 700,-

Totalt pr. dag kr 1.688,-

For 1 veke med rehabilitering: kr 1.688,- x 4 dagar = kr 6.752,-

For 2,3,4 veker vil det bli kr 6.752 ,- multiplisert med antall veker.

Aktuelt

Brukarundersøking

Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"


Les heile brukarundersøkinga her (PDF).