PRESSEMELDING
Bertel Rune Kaale disputerte fredag den 13. november 2009.
Nakkesleng kan skade leddband i nakken
Bertel Rune Kaale disputerte den 13. november 2009 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Clinical aspects in the late stage of whiplash injury”. Resultat frå denne studien tyder på at det føreligg skader på leddband og membranar i overgangen mellom nakke og hovud hos pasientar med whiplash-plager.
Sjå full versjon:
Nakkesleng kan skade leddband i nakken
Bertel Rune Kaale disputerte den 13. november 2009 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Clinical aspects in the late stage of whiplash injury”. Resultat frå denne studien tyder på at det føreligg skader på leddband og membranar i overgangen mellom nakke og hovud hos pasientar med whiplash-plager.
Tidlegare studiar av nakkeslengskader etter eit biluhell har vore basert på sjølvrapporterte symptom og plager. Det har vore vanskeleg å syne til fysiske teikn eller funn som indikerer ein organisk skade hos desse pasientane. Det har også vore vanskelegå synleggjere at personen sine symptom og plager verkeleg er ein konsekvens etter eit nakkeslengtraume.I det klinisk diagnostiske arbeidet har ein ofte konkludert med at symptoma oftare har hatt ei psykologisk/psykososial forklaring enn ei fysisk forklaring.
Målet for dette vitenskaplege arbeidet var å undersøkje om nakkeslengpasientar rapporterte kraftigare symptom, og med omfattande avvik i nakkefunksjon, samanlikna med normalbefolkninga. Nakkeslengpasientane og kontrollgruppa vart undersøkt klinisk og med magnettomografi (MR) for utvalde membranar og leddband i nakken.
Avhandlinga bygger på resultat frå sjølvrapporterte symptom/plager, samt frå kliniske observasjonar hos 92 personar med diagnosa ‘whiplash-associated disorders’, grad 2, i tillegg til 30 kontrollpersonar. Kontrollpersonane vart trekt frå ein fysikalsk praksis og hadde diagnosar som ikkje var relatert til plager/funn i nakke eller hovud.
Resultata indikerer at subjektive symptom og rapporterte plager blant nakkeslengskadde personar kan ha samanheng med mulige skadar i membranar og leddband i nakken. Dette gjeld spesielt i høve til forandringar til alar leddbanda, dei såkalla ”vingebanda”, øvst i nakken. Arbeidet viser vidare ein mulig samanheng mellom kollisjonsretning og rotert
nakke-/hovudstilling ved kollisjonstidspunktet på den eine sida, og graden av MRI-forandringar i membranar og leddband i øvre nakkeregion. Vidare resultat frå arbeidet indikerer at test av aktiv nakkerørsle og passiv manuell test kan vere indikatorar for mulige skadar til strukturar i overgang nakke-hovud.
Det er viktig vidare å få verifisert om dei aktuelle MR-funna er reelle skadefunn som følgje av eit ytre traume, eller om det er vanlege naturlege vevsendringar.
Personalia:
Bertel Rune Kaale, fødd 1959, bur på Sandane i Gloppen kommune. Kaale vart utdanna fysioterapeut i Bergen i 1984. Vidareutdanning i manuellterapi i Tromsø i 1991. Han oppnådde graden cand. scient i 1996, med hovudfag i fysioterapi ved Universitetet i Bergen. Frå og med 1999 og fram til 2009 har Kaale vore knytta til Institutt for kirurgiske fag ved Haukeland Universitetssjukehus i Bergen. Ved sida av sitt doktorgradsarbeid, har han arbeidd som manuellterapeut på Sandane.
Kontaktperson:
Bertel Rune Kaale, epost: kaale@c2i.net