Firda fysikalsk-
medisinsk senter as
Firdaveien 2
Postboks 194
6821 Sandane

Tlf: 57 86 64 22
E-post: post@firdafysmed.no
 
 

Undersøking og behandling av nakkeskade

Tilsette ved Firda fysikalsk-medisinsk senter på Sandane har i mange år arbeidd med undersøking og rehabilitering av nakkeskader. I eitt tett og godt samarbeid med overlege Jostein Kråkenes ved Nevroradiologisk seksjon, Haukeland Universitetssjukehus, har vi i fellesskap vidareutvikla eit klinisk/radiologisk undersøkingskonsept. Dette konseptet har også teke i bruk MRI-sekvensar, og set det inn i ein systematisk klinisk diagnosesamanhang der ein søker etter skademønster og korleis skadekomplekset slår ut med type og omfang av symptom med eventuelle funksjonsavvik.

For den vidare utviklinga av dette arbeidet, er det no svært viktig at dei nyvunne metodane og resultata kan reproduserast av andre nasjonale og internasjonale miljø. Før dette er gjennomført, kan ein ikkje fullt ut nyttiggjere seg dei resultata vårt team har arbeidd fram.

Informasjon / Slik går du fram om du ønskjer å komme til Firda fysikalsk medisinsk senter:

 
Utviklet av http://www.baner.lt