Manuellterapeutar er spesialistar på muskel- og skjelettsystemet. Manuellterapeutar undersøker, vurderar og behandlar plager i muskel-/ skjelettsystemet for å gjenopprette kroppen sine funksjonar. Dei kan differensialdiagnostisere, dvs. at dei kan skilje mellom sjukdomar i muskel- og skjelettsystemet og andre farlege sjukdomar med same symptom (for eksempel brot, skadar, kreft eller inflammasjon). I undersøkinga kan manuellterapeuten tilvise til røntgen/ MRI og til legespesialist. Som del av behandlinga kan manuellterapeuten tilvise til fysioterapi.
|
Det tek 7 år å bli utdanna som manuell terapeut.
Opptakskrav til utdanninga:
- 4 år utdanning som fysioterapeut.
- 1 års praksis.
- Forskningsmetode (tilsvarande 9 studiepoeng).
Utdanninga:
- Manuellterapiutdanninga er eit to års masterstudium på heiltid ved Universitetet i Bergen.
Diagnose og behandling
Årsak til muskel- og skjellettlidingar kan vere enkle eller samansette. Manuellterapeuten si vurdering av pasientane inkluderer både biologiske, psykologiske og sosiale tilhøve. Diagnostikken startar med ein grundig anamnese (gjennomgang av sjukehistoria).
|
|
Anamnesa gjev viktig informasjon for å kunne stille riktig diagnose. Den gir også opplysningar som gjer det mogeleg å vurdere om alvorleg underliggande sjukdom kan ligge bak plagene, eller om det føreligg faktorar som kan auke risikoen for kronifisering. Spesielt for manuellterapeuten si anamnese er ei kartlegging av skademekanismar og belastningar som kan ha utløyst plagene. Også tilhøve rundt funksjon i arbeid og fritid blir vektlagde.
Den kliniske undersøkinga er bygd opp av inspeksjon, generelle funksjonsprøvar, aktive, passive og isometriske muskeltestar, testar for å avsløre sirkulatorisk svikt, inneklemming av nerve-/ anna vev, sansemotirisk testing og palpasjon. Vidare føretek ein spesielle testar av leddfunksjon i ekstremitetsledd, rygg og bekken.
Manuellterapeuten vel behandlingstiltak på grunnlag av undersøkinga, og stiller ei vevsdiagnose, som gjev ei funksjonsdiagnose. Desse gjev grunnlag for ein tiltaksplan.
|
|
Manuellterapeuten gjev råd om korleis du skal oppføre deg i tilhøve til dine plager, og instruksjon om kva du kan gjere sjølv. Manuellterapeuten kan gje deg smertestillande behandling, og behandling som normaliserer muskel- og skjellettfunksjon. Til dette brukar ein ulike behandlingsteknikkar: å løyse nedsett leddfunksjon, strekkbehandling (traksjon), massasje, tøyingar, avspenning, rygg- og nakkeskule. Spesielt for manuellterapeutar er at dei i tillegg til dei manuelle behandlingsmetodane kan gje målretta behandling som tek sikte på å trene opp pasienten sin reduserte funksjonsevne. I dei tilfella det er nødvendig kan du også få sjukmelding hos manuellterapeuten.
|
Målet med behandlinga er å gjenopprette smertefri og god funksjon lokalt og generelt. Ut frå kunnskap om skaden sin natur og omfang, informerer manuellterapeuten pasienten om venta tilhelingstid, og set i samråd med pasienten i gang eit konservativt behandlingsopplegg, eller tilviser/ formidlar vidare til vurdering for annan medisinsk oppfylging.