Fagstoff 2018: Del 3 – UPRIGHT MRI

Det er tysdag 20. februar og eg har teke ei veke fri med familien på Gålå. Planen var å ta heilt arbeidsfri, men slik gjekk det ikkje. Etter 2 utleggingar på vår heimeside; firdafysmed.no - under "Fagstoff", så har ikkje telefonen stått. Etter å ha arbeidd med nakkeskader i snart 34 år kan eg ikkje huske å ha hatt så mange timer i telefon som tilfellet har vore no i dei to siste vekene.

Telefonsamtalane var ofte lange, dei fleste over 45 minutt. Enten så var det pasienten sjølv som ringde, eller så var det pårørande. Det som var felles for dei fleste av samtalane var verkeleg djup fortviling og mange ubesvarte spørsmål. Eit spørsmål som gjekk igjen var stor usikkerheit og mange ubesvarte spørsmål rundt UPRIGHT MRI.

Kvifor skal vi ta denne/ bør ta denne MRI undersøkelsen? Er den pålitelig? Og kva hjelp vil den ha for meg? Kvifor har Firda fys med senter synt skepsis overfor denne MRI undersøkelsen?

Eg hadde ikkje tenkt å kommentere UPRIGHT MRI meir enn det som allereie er gjort. Men pga den store pågangen med spørsmål direkte opp mot UPRIGHT MRI, skal eg belyse temaet ytterlagre sett frå vår ståstad.

Det første og viktige spørsmålet alle involverte partar må stille seg; Er vi verkeleg interessert i å påvise leddbandskader, kapselskader, andre bløtdelsskader i nakken din, spesielt overgang nakke/ hovud?

Her skulle ein tru at alle ville seie JA!

Men slik er det ikkje. Etter å ha arbeidd tett på det norske offentlege helsevesen i snart 34 år – der Firda fys med senter har gitt vidare all kunnskap vårt senter rår over – diagnostikk og rehabilitering av nakkeskader – er det klart at funksjonell diagnostikk mht blautdelsskader i nakken ikkje er eit prioritert arbeidsfelt innanfor det norske off. helsevesen. Det som også er svært skuffande er at ingen av dei private radiologiske senterkjeder i Noreg heller ikkje er aktive innan cervical funksjonell radiologisk diagnostikk.

Eg utdjuper spørsmålet eg stilte i starten: Er vi verkeleg interessert i om du har cervicale/ nakke-leddbandskader, kapselskader/ rifter, skader til nerver/ nerveganglion m.m. ? Er slike skader av betydning ? Er dei symptomgjevande ? Om eit ledd slarker skikkeleg i sin funksjon, hekter seg i funksjon – er det nødvendig kunnskap ?

Vi ved Firda fys med senter tenker absolutt JA.

Med denne bakgrunnsinformasjon må vi tilbake i tid til 2012. Firda fys med senter hadde på denne tid parallelt med arbeid i Norge lege tett på utviklinga i utlandet. Vi prøvde ut bevegelsesrøntgen, DMX – digital motion x-ray. Røntgen film viser kun skjellett og ikkje bløtvev (altså ikkje bløtdelsskader).

DMX: Ein møter her 2 problem; metoden er 2D. Ein slit med feil-diagnostisering avdi ein taper den avgjerande bildesamanlikning 3-dimensjonalt. Det andre problemet er helseskadeleg stråling. For å få ned den ioniske stråledosen til eit akseptabelt nivå har ein redusert strålestyrken (pr dato til ca. 5-6 mS pr totale undersøking), dermed blir kvaliteten på røntgen filmen betydeleg redusert. Samtidig som nye CT maskiner kjem med betydeleg forbetra stråle effektivitet og med ein fantastisk bildekvalitet – blir CT (Aquilion ONE 640 slice CT skanner) metoden eit absolutt førsteval.

Så kom Firda fys med senter opp med ein revolusjonerande gjennomføringsmetode for tilpassing av nakke/ hovudposisjoner tilpassa den enkelte pasient i 2013, slik at ein standard serie i dag består av eit utval av 5 posisjoner med total strålebelastning på ca. 2,2 mS.

CT METODE: Svært viktig - Ein kan ikkje legge alle pasientar likt til rette på CT brettet for bildetakning. Pasientane sine skader er ulike – ynskjer ein å sjå akkorat dine avvik for nakke hvirvelposisjonar og bevegelsar- må du leggast til rette slik din nakke krev det.

CT metoden skal tilpassast deg – du skal IKKJE tilpassast metoden.

UPRIGHT MRI: For å forstå intensjonen bak upright MRI må ein kjenne litt til av nyare MRI-funksjonsdiagnostikk sin historikk. Den vest-europeiske medisin har vore trufast mot at medisinar kurerer dei fleste plager. Når så nakkeslengsskadene kom sterkt inn i det medisinske bildet tidleg på 1990 talet – såg ein raskt at tilgjengelege medisinar hjalp svært dårleg for denne «nye» skadetilstanden. Ein fekk så ein kraftig vind av psykologiserande diagnostiske og behandlingsmessige tiltak. Futten i «psykologien» forsvant litt inn på 2000-talet, for så å bli delvis erstatta av kognitiv terapeutisk forståing av nakkesleng, som igjen var ei forlenging av The Lightning Process, fof frå England. Samtidig såg ein hyppigare bruk av sterkare medikament i kampen mot nakkeslengsplagene. Her såg ein stadig fleire tilfelle av svært tung medisinering som førte pasienten sin helsetilstand i feil retning.

Vi opplevde eit stadig sterkare ynskje om ein meir presis og målretta diagnostikk av nakkeskader. Det offentlege helsevesen og dei «offentlege» styrde private radiologiske miljøa viste manglande interesse for denne type diagnostikk. Dermed søkte fortvila og sterkt plaga nakkepasientar ut i verda for alternativ. Her var det små miljø som gjekk føre med open MRI, der ein sittande kunne ta MR bilder med nakken i ulike stillingar. Ein var over seg av begeistring. Endeleg skulle ein få det etterlenga diagnostiske svaret på kva som eigentleg var gale med nakken. Underteikna hadde allereie på denne tid lang fartstid utanlands mht konferansar og opparbeiding av faglege kontaktar, fagleg samarbeid m.m. Eg undersøkte og besøkte Upright MRI miljø i Hamburg, München, Wien, London (2 stadar) og i USA. På den tida (2010) hadde eg erfaring med bildekvalitet frå nye standard 1,5 T MRI maskiner. Tesla verdi har noko å seie for bildekvalitet, ilag med kvaliteten på softwaren. Ei anna utordring i starten ved bruk av upright MRI var at ein ikkje hadde godt nok tilpassa sekvensar for øvre nakkeregion. MRI bølgene reagerer ulikt på bein- ulike typer bløtvev, veske i karr, fettstoff m.m. Når ein så skal visualisere eit lite område med fleire vevstyper med ulik tettheit oppstår utfordringane. Ein har innsett at ein må arbeide betre med sekvensutvikling for bildetakning i nakken. Her er det fortsatt mykje å hente. Ei anna stor utfordring med posisjonell MRI er tida nakken/ hovud må vere plassert i ein posisjon – opptakstid pr. posisjon. I slike posisjoner må du ligge HEILT STILT, utan noko slags form for vibrasjon, svelging og liknande. Gjer du det under opptak, blir bilda uklare. Liggetid pr. posisjon med 0.5 T er ca. 6-7 minutt, med 3.0T ca. 3 minutt. Det er ein avgjerande forskjell.

Underteikna var grundig inne i upright MRI i 3 år. Eg trudde også dette var starten på ei fantastisk tid mht presis diagnostikk. Firda fys med senter brukte mykje tid og pengar her. I ettertid ser eg at dette vart verkeleg ein dyr lærdom. Men kunnskap er kunnskap – kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Men vi innsåg upright MRI nederlaget – slikka våre sår og vendte blikket opp og fram.

Vi fekk så kontakt med MRI miljø som arbeidde med MRI 3,0T – med ny hovudcoil (hjelmen du ligg med hovudet i). Den skapar eit nærare magnetfelt – som gir betre bilder. Den var rommeleg nok til å legge hovudet i dei posisjonar vi ynskte !

Magneten var sterkare, 3,0T, samanlikna med upright MRI på 0,5T- sidan den ikkje var open og mindre i omfang var den lettare å kjøle. Ikkje la deg lure av dei som seier at «softwaren» kompenserer for lav Tesla verdi. Bildekvaliteten blir aldri betre enn det grunnmaterialet er. Ein kan retusjere bilder via softwaren, men då fjernar ein seg frå det verkelege og orginale bildematerialet.

Når vi samstundes traff på fantastisk dyktige MRI radiografar i London, der vi fekk utvikla sekvensar på nakken – så var den vidare diagnostiske vegen staka ut. Her ligg fortsatt eit betydeleg utviklingspotensiale. Vi kan ta bilde av høg kvalitet med nakken din i ulike stillingar, i liggande posisjon. Fantastisk!

Meir info om dette kjem snart på vår heimeside. Så følg med.

Til slutt eit eksempel på bildekvalitet frå to undersøkingar i London – både i maskiner med 0,5 T og 3,0 T.

Skal vi kunne sjå detaljane i bilda må vi forstørre bilda opp på PC skjermen eller i papirversjonen. Omtrent som dette (HUSK bilda ser alltid betre ut på PC direkte frå CD ROM enn på papir):

0,5 T Upright MRI 3,0 T MRI (Firda fys med modellen)

Begge bilder viser ein projeksjon av nakken sett frå sida. Bildekvaliteten er klart betre på bildet til hø.side, 3,0T MRI. Sjølv om upright MRI bildet er eit bilde med nakken/ hovudet bøygd forover – så kan vi seie svært lite om potensiell vevsskade – pga lav pikseltettheit, og overgangen mellom ulike vevsstrukturar blir utviska pga lav sensibilitet og spesifisitet.

Valet er enkelt:

CT for leddposisjonar og beinstrukturer.

MRI 3,0T – med nakkeposisjoner tilpassa din nakkeskade.

Men alltid først: Grundig førutgåande klinisk undersøking, inkludert high-end ultralyd – først då har vi det beste grunnlaget for å ta ei vurdering om akkorat du har behov for CT og MRI 3.0T undersøking i London.

Som avslutning vil henvende meg direkte til deg som pasient:

Tenk deg svært godt om før du vel vidare diagnostikk. Set krav til dei som skal hjelpe deg vidare til eit betre liv.

Følg oss vidare på vår heimeside – firdafysmed.no – sjå Fagstoff: Del 4: Cervical (nakke) posisjonell CT.

Aktuelt

Brukarundersøking

Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"


Les heile brukarundersøkinga her (PDF).