Fagstoff februar 2018: Nakkeskader – vevsregenerasjon – vevsmodellering - del 2

Ved nakketraumer oppstår det ofte vevsskader. Ytre belastninger overgår styrken til leddband, leddkapsler, meniskfester, muskler og senefester. Ytre traumer øydelegg dine viktige blautdelsstrukturar, slik du opplever smerter, nedsatt nakke/ hovudfunksjon og dermed betydeleg redusert livskvalitet og arbeidsevne. Derfor er det svært viktig at vi så raskt som mulig får god oversikt over skadane, og dermed kunne sette igang effektive rehabiliteringstiltak.

Firda fys med senter sin diagnostikk består av Firdamodellen med følgande:


  1. Vi gjennomfører grundig klinisk undersøking med erfarne terapeuter, med tilgang til det beste innan diagnostisk utstyr. Her inngår bruk av funksjonell ultralyd, der vi bruker high-end utstyr; GE Logiq E9. For mange vil dette vere tilstrekkeleg for ein presis diagnostikk. Dermed kan effektive rehabiliteringstiltak settast raskt i verk.
  2. Vi vil også vurdere om vi vidare vil anbefale bruk av posisjonell CT og posisjonell MRI nakke – 3T (London). Desse to undersøkelsane gir framifrå bilder av beinstruktur og leddposisjoner, samt vev som ligg rundt ledda (leddkapsler, leddband, muskulatur). Vi er kjende med at fleire vel upright MRI. Vi kjenner godt til den metoden, og har sjølve prøvd den ut fleire ganger ved 2 ulike sentre i London. Vår konklusjon er eintydig: Dette er ein metode som har så lav kvalitet, med fare for feiltolkning av funn, at vi ikkje lenger nytter denne metoden.
  3. MRI: Vi nytter posisjonell MRI 3T – med T2 vekta sekvenser – der vi samanliknar eventuelle skadefunn – opp mot tilsvarande MRI snitt med STIR projeksjoner. STIR projeksjoner vil kunne vise ødem/ aktiv betennelse i dei samme strukturane. Dette er ein sterk kombinasjon av MRI- sekvenser. CT og MRI 3T undersøkingane står sterkt i kombinasjon med vår kliniske undersøking og undersøking vha ultralyd.

Dette er ein svært omfattande undersøkelseskombinasjon – som krev mykje av oss ved Firda fys med senter og den er kostnadskrevjande for deg som pasient. Vi må derfor være svært sikre på at dette er noko vi vil anbefale for akkurat deg.

Planen er å opne opp for fleire slike omfattande kombinasjonsundersøkingar etter påske 2018. Vi vil kome tilbake med meir informasjon om dette tilbodet på eit seinare tidspunkt.

La oss gå tilbake til funksjonell ultralyd:

Kvinne under 30 år. Sjå fagstoff januar 2018. Her kjem ny fagleg oppfølging for den same pasienten (fagstoff januar 2018 var status for henne i juni og november 2017). Ser du på fagstoff januar 2018 – ser du at vi føl denne pasientens vidare ledd – og bløtdelsskade med vevsregenerasjon og vevsremodellering av bløtvev mellom atlas-axis.

Eg har valgt å illustrere hennar vidare vevsregenrasjon (reparasjon av vev – collagene fibre – i leddband og kapsler for fasettledda atlas-axis høgre og venstre side) og vevsre-modellering (at dei nye fibra legg seg funksjonelt til slik at dei støtter i riktige retningar og plan, med betre styring av leddfunksjon). Dette er viktig nyhende for alle med nakkeskader!

Status i november 2017: Vi var godt nøgde med vevsframgang (regenerasjon) og vevsfunksjon høgre side atlas-axis fasettledd.

Vi var ikkje nøgde med vevsregenerasjonen venstre side atlas-axis fasettledd (C1,2).

Januar 2018: Her kjem ny status for venstre side atlas-axis fasettledd – der resultatet no viser klart betre regenerasjon av leddkapsel og leddband.

Bilde 1: Fasettledd atlas-axis venstre side – nov. 2017.

Venstre side fasettledd atlas-axis (C1-2). Venstre del av bildet vender fram mot nasa. Høgre del av bildet vender mot bakhovud. Dette snittet fokuserer/ stiller skarpt på strukturer sentralt i leddet og framover – da det var der vi var minst nøgde med behandlings-resultatet i november 2017.

Senter i leddet.
Vi ser at fremre del av leddkapselen er rupturert (skada) i betydeleg grad. Det same gjeld kapsulære leddband og overliggande leddband for leddet. Slik det ser ut på dette bildet framstår kapsel og leddband for dette leddet, fremre deler, med omfattande vevsskader.
Dersom du føl strukturane bakover, er det lett å sjå kor tid dei går over i meir intakte og velforma kapsel- og leddbandstrukturer.

Bilde 2: Fasettledd atlas-axis venstre side, januar 2018.

Etter grundig vevsstimulering for celleregenerasjon med laser klasse 4, fokusert trykkbølge (piezo Wave 2) – veileda av grundig klinisk testing og ultralyd, samt trening i MCU (Multi Cervical Unit – nakkemaskin) - viser nye ultralydbilder i januar 2018 klart betre vevsregenerering og vevsreorganisering.

Betydeleg vevsregenerasjon og vevsreorganisering av kapselvev samanlikna med status i november 2017!
Ein rest-flik av leddkapselen som vi arbeider hardt for å få betre reorganisert i lag med øvrige del av leddkapsel.
Svært god regenerasjon og reorganisering av ligament/ kapsulære ligament. Her må det leggast til at aktuelle pasient er dyktig i trening i MCU og i sal som ein viktig del i ei vellykka rehabilitering.
Segmental muskulatur.

Kontrollmateriale

Slik vi ved Firda fys med senter tolker dette med «kontroller» - så samanliknar vi dine tidlegare skadefunn med noverande status. Er der endring til det betre/verre eller er det stillstand i vevsstatus? Dette er svært viktige spørsmålet som treng svar. Kvar går veien vidare for ytterlegare vevsregenerasjon? Vi veit korleis dei anatomiske strukturane ser ut. Det å samanlikne deg med andre nakkeskadde eller andre uten plager er bortkasta tid og oftast unyttig arbeid. Korleis andre har det med sin eigen nakke – hjelper oss ikkje når vi arbeider med din diagnostikk og rehabilitering.

PASS PÅ: Med slike vevsskader vel vi å IKKJE manipulere deg i det skadde nakkeområdet. Ved manipulasjon er det lett å kunne forsterke din vevsskade- nakkeskade! Dette inkluderer sjølvsagt også «atlas-teknikker». Det skal ofte svært lite til for å forsterke dine skader! Utan presis diagnostikk har vi ikkje kontroll/ oversikt over dine vevsskader.

Du skal også vere forsiktig med nakketøyninger der du forsterker strekket mot nakken via hand forsterkning.

Medisinering: Når det gjeld medisinering – så er det viktig å ikkje ta medisiner som for sterkt reduserer dine vevs-regenerasjonsmuligheiter. Ta dette opp med din lege.

Eit viktig fokus er: Kva tiltak skal vi gjennomføre for å gjere deg betre?

Eit like viktig fokus er: Kva tiltak skal vi ikkje gjennomføre for ikkje å gjere deg verre?

Fortsettelse følger – følg oss på Facebook og firdafysmed.no

Aktuelt

Brukarundersøking

Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"


Les heile brukarundersøkinga her (PDF).