Firda fysikalsk-medisinsk senter | Fagstoff

Fagstoff januar 2018: Vevsskade – vevsdiagnostikk – vevsregenering – vevsremodellering

Ved nakkeskader kan det oppstå skader til leddband, leddkapsler og menisker i nakken. Fellesnemnaren for desse skadene er at vevet som er skada hovudsakleg består av collagent vev. Presis diagnostikk over skada vev er avgjerande for eit godt utgangspunkt for presis rehabilitering. High-end ultralyd er for oss ved Firda fys med senter eit svært viktig hjelpemiddel i presis vevsdiagnostikk.

Collagent vev er kvitt på ultralyd-bilder. Samanhengande, kvite felt – med tett struktur og god form er teikn på god collagen kvalitet og funksjon. Usamanhengande kvite felt, kvite spotter, kan indikere fragmentering av vev/skade på vev, som svekker stabilitet og funksjon.

EKSEMPEL – Eg vil her gje eit eksempel frå atlanto-axial ledda høgre og venstre side. Kvinne, under 30 år. Nakkeskade overgang nakke/hovud, med klinisk testa vevsskadefunn til leddkapsler og leddband mellom atlas/ axis (C1,2)

Område – C1-2 fasettledd- leddband/ kapsler – lateral del /ytre del.

Bilde 1: Juni 2017. Høgre side C1 - 2 ledd/bløtdeler.

Ultralyd (GE Logiq E9, 2017 modell) lateralt for C1-2 ledd – ventralt mot nase (L), mot bakhovud (R). Lengdesnitt på leddflater C1-2, leddkapsel og kapsulære ligament dette nivå. Avstand L-R – ca 4 cm.

Leddspalte – sentralt del ledd.
Ventrale del av leddkapsel som er omfattande skada.
Skade/ fragmentert ligament - ventrale/ dorsale del av kapsulært ligament.
Segmental muskulatur – M. Obliqus Capitis Inf. Svekka muskelstatus med infiltrat.

Bilde 2: Nov 2017. Høgre side C1 - 2 ledd/bløtdeler. Samme snitt som bilde 1.

Slik ser avsnittet ut etter ultralyd veileda fokusert trykkbølge – piezo wave 2 – behandling haust 2017.

Vi ser ein meir samanhengande ventral del av leddkapsel – der vi har klart å stimulere til vevsregenerasjon og vevsmodellering (der bruker vi Multi Cervical Unit til vevsmodellering – forming av reparasjonsvev).

Målsetting frå haust 2018 er å nytte ein nakketest/treningsmaskin basert på ein robot med kunstig intelligens utvikla i Norge.

Kapsulære ligament ventral og dorsalt er tydeleg tettare og av betre kvalitet.

Bilde 3: Juni 2017. Venstre side C1 - 2 ledd/bløtdeler.

Meir omfattande skader til fremre leddkapsel. Lause kapselfliker.
Fortjukka vev/ arrvevsdanning sentrale deler av kapsel. Fortjukka kapselvev.
Fragmentert bakre del kapsel / kapsulære ligament. Nokre intakte ligamentdrag.

Bilde 4: Nov 2017. Venstre side C1 - 2 ledd/bløtdeler. Samme snitt som bilde 3.

Etter vevsstimulering vha ultralyd veileda fokusert trykkbølge (piezo wave 2) stimulering og remodellering (MCU) - haust 2017 ser området slik ut nov. 2017.

Klart betre struktur i ligament og kapsulære strukturer.
Der er framgang for ventral og dorsal del av leddkapsel – men her er ikkje resultatet godt nok.

Etter å ha prøvd ulike ultralyd apparat ser vi at high end produkt frå GE gir oss best resultat – Logiq E9. Dette apparatet har vore svært viktig for oss i vårt arbeid!

Ultralyd – MRI

Den erfaring vi har med MRI 3,0T liggande utgangsstilling – cervical columna, med posisjoner – med T2 og STIR sekvensar utført i London – gir for dei som har fått utført denne undersøkelsen - eit heilt klart betre «kart» for vidare u-lyd og regenerativ(vevsstimulering for reparasjon av collagent vev) behandling. Vi ser at med vår kliniske undersøking i forkant – med deretter tilrettelagd MRI prosedyrer/ gjennomføring – der vi sjølve er med og ser til at MRI-metodikken blir tilpassa på best mulig måte for kvar enkelt pasient - gir dette eit klart betre startgrunnlag for ein meir målretta og raskare rehabilitering enn dei som ikkje har denne MRI undersøkelsen i forkant. Ein må her IKKJE forveksle high-end MRI nakke 3,0T med upright MRI 0,5 T. Up-right MRI har etter vårt syn ingen plass i dagens diagnostikk av nakkeskader. Up-right MRI har for dårleg bildeoppløysning, derfor for lav spesifisitet og sensibilitet for vevsskader. Fare for feildiagnostikk er for stor.

Kombinerer vi posisjonell MRI (3T) med posisjonell CT (Aquillion ONE 640 slice CT skanner) er dette ein svært god diagnostisk kombinasjon. Vi visualiserer her ledd og leddposisjoner, med omkringliggande vev med god kvalitetsvurdering. (Stråledose pr CT undersøking 1,5-2,8 mS pr totale CT undersøking).

Når det gjeld trykkbølge er det etter vår meining eit apparat som skiller seg ut – Piezo Wave 2. Dette apparatet skiller seg ut mht presisjon i vevsdjupdestimulering, samt muligheiter for god signalstyring. Ein må her klart skille denne type trykkbølge frå den gamle typen, radial trykkbølge. Etter vårt syn er radial trykkbølge ein 2-generasjons gammal metode – som ikkje kan brukast mot rygg og nakkebehandling.

Firda modellen - Gjennomført på dette viset har vi det beste grunnlaget for å gje den mest målretta og effektive rehabilitering med den kunnskap og det utstyr ein rår over i 2018.

Aktuelt

Brukarundersøking

Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"


Les heile brukarundersøkinga her (PDF).