Fagstoff

Januar 2017

Sidan forrige oppdatering har det vore ei positiv utvikling innan både diagnostikk og rehabilitering av nakkeskader, ei utvikling vi har delteke aktivt i. Følg oss på vår heimeside eller Facebook; Firda Fysikalsk Medisinsk senter AS.

Diagnostikk av nakkeskader

Når det gjeld diagnostikk står den manuelle undersøkinga like sterkt som før. Utan detaljert kunnskap og funn frå nakken din er det vanskeleg å legge vidare planer mht diagnostikk. Først gjeld dette mot radiologiske undersøkingar. Utan ein detaljert klinisk undersøking er det ikkje mulig å lage ein målretta radiologisk prosedyre for vidare undersøking. Vi ser at dette blir prøvd i utlandet og no også i Norge, med svært vekslande og ofte nedslåande resultat. Spesielt beklageleg er dette når det gjeld CT undersøking, der ein kan bli utsett for unødvendig stråling, og ein sitt gjerne igjen med lite brukbare resultat – og ein har «brukt opp CT kvoten sin» for lang tid framover. Det er ikkje slik vi ynskjer ei radiologisk utvikling for denne pasientgruppa.

Vi bruker ikkje lenger Digital Motion X-ray. Vi nytta denne metoden, utført i USA, tidlegare. Den gang var det eit viktig trinn i den klinisk–radiologiske utviklinga. Ulempa med den metoden er at den er 2-dimensjonal, og ein kan dermed mistolke avvik – sidan ein ikkje klarer å tolke bilda 3-dimensjonalt. Dette vil eg illustrere med ein pasient – både gjennom DMX frå Florida – og seinare CT 2 og 3 dimensjonalt frå London.

Vi ser her eit gapebilde med avvik i LADI – laterale atlanto dentale interval– C1-2 – med for stor sideglidning C1-2 mot hø.s. Ytterlegare presis informasjon frå dette bilde kan vi ikkje trekke.

Under ser vi bilder av den same pasienten, CT bilder tekne i London – med presis tilrettelegging og gjennomføring av CT undersøkelse etter presis logg tillaga frå Firda fys med senter – kliniker frå Firda fys med senter la pasienten til rette for undersøkelsen. Desse bilda gjev betydeleg betre informasjon for pasient og behandlar.

Viktig: Vi tilrår at du "ikkje brukar opp" din radiologiske – ioniske stråledose på radiologi som vi anser som er gårsdagens nytt.

Stråledose for denne CT- undersøkelsen i London – komplett – 2,8 mS.

I tillegg når nye CT maskiner gjev like låge eller lågare strålebelastning enn DMX – vil funksjonell CT ofte vere å føretrekke. Men både ved DMX og CT MÅ ein ha ein klinisk plan for undersøkinga. Ein kan ikkje gjennomføre like prosedyrar for alle pasientar. Pasientar har ulike kliniske funn – og den radiologiske metoden må tilpassast pasienten og ikkje omvendt.

Med den etter kvart lange erfaring Firda fys med senter har med klinikk og radiologi er vi klar og tydeleg på at klinikaren må vere tilstades ved den radiologiske undersøkinga – for å tilrettelegge pasienten i posisjon eller lede i ulike rørslemønstre slik at ein treff beste mulig på relevante funn / relevante avvik frå normal funksjon. Ein radiolog er god på radiologi – men der er eit klart behov for eit betydeleg tettare samarbeid opp mot ein klinikar som kjenner den enkelte pasient.Dette klinisk-radiologiske tomrommet må tettast igjen – skal vi lukkast med våre utredningar. Falske negative og positive resultat forlenger dine plager og gjev auka kostnadar for samfunnet.

Når det gjeld upright MRI så har vi tidlegare prøvd dette ut for 9 pasientar – der undersøkingane er gjennomført ved to sentre i London. Slik vi ser denne undersøkelsen er den av klinisk og av radiologisk lav verdi. Dersom metoden hadde vore av god nytte, hadde vi sjølvsagt omfamna den – og teke den i bruk til nytte for deg som pasient for diagnostikk og som ein del i plan for rehabilitering. For dei som nytter/ utfører denne metoden i dag – etterlyser vi sterkare eigenkritisk vurdering av kva metodar ein tilbyr pasientane og med kva nytteverdi. Vi ser manglar ved informasjon om korleis tilrettelagt software "sminker" bilda som kjem på skjerm og papir.

Det er snakk om store summer kvar enkelt pasient betaler – og då må ein vere ekstra kritisk til kva ein tilbyr dei. Vi er klar over det store tomrommet i det offentlege tilbod mht diagnostikk og rehabilitering – men samstundes må vi vere kritiske til kva vi fyller dette tomrommet med.

Funksjonell CT i London har vore til god nytte innan diagnostikk og som ein viktig del i den vidare planlegging. Der må det som tidlegare nemnd i kvart enkelt tilfelle vere ein detaljert klinisk plan for korleis ein vil nytte CT undersøkinga. Etter mi vurdering må klinikaren delta ved undersøkinga. Ein kan ikkje overlate dette arbeidet åleine til radiografar eller radiologer. Det beste resultatet får ein dersom alle faggruppene her samarbeider mht undersøkinga. Det er tids- og kostnadskrevjande – men eg ser ingen vei utanom. Går vi for det beste resultatet må ein tilpasse metoden til pasienten og ikkje klemme pasientens problem inn i ein allereie etablert metode.

Standard 3.0 T MRI

Med hensyn til MRI – standard MRI – så er dette ein viktig undersøking. Som kjent er eg avventande til upright MRI – slik metoden blir nytta pr. dags dato. Men vi trur at når maskinene der blir betre – vil ein på ny kunne vurdere metoden. Vi har ved eit tilfelle prøvd ut std MRI – 3,0T – med fleksibel nakkecoil. Dette skjedde ved eit anna senter i London. Med fleksibel coil kunne vi legge pasientens nakke til rette med 30 gr rotasjon (i dette tilfellet), med nakkens øvre del ca. 10 grader mot ekstensjon – slik at C1-2 segmentet fekk fri bane for rotasjon – med minst mulig atlanto axial menisk heng. Vi klarte å framstille lig alaria og transversum på ein betre måte enn tidlegare. Denne metoden bør vidareutviklast. Til samanlikning med den metoden vi har nytta i Norge hittil (Kråkenes/ Kaale, Myran et al, Vetti et al) – framstår MRI undersøkelsen i London som eit steg vidare frå desse arbeida. Vi har dessverre låst oss litt fast ved MRI metoden i Norge – og den forventa metodiske progresjonen innan MRI har uteblitt. Det er sterkt beklageleg.

Slik kan MRI bilder sjå ut (bilde til hø.s.) (3T) standard liggande – med fleksibel nakkecoil:

1) For dei korte segmentelle muskler C0-1-2:

Det å sjekke ut alle dei korte muskler i overgang nakke/ hovud – frå utspring til feste er av vital betydning for rehabiliteringa.

2) Ligamentum transversum:

Skade ve.s. transversumfeste.

Rettsak

Slik utviklinga har gått dei siste 2 åra ser vi heilt klart ein større nytteverdi av kliniske og radiologiske undersøkelsar i rettsmessig samanheng. Eg nærmar meg 50 rettsaker – men kun ved dei siste 4 sakene vart desse resultata frå London lagt ved. 2 saker kom til forlik, ei enda med tap og ei sak avventer vi resultat på. Det er kun i den siste saka eg sjølv fekk legge resultata fram i rettsalen – ved tale og PP presentasjon. Slik eg vurderer det var det til klar nytte for saka. Erfaringane med sakene til forlik, samt gjennomførte rettsaker (2 stk) siste 2 åra – har desse kliniske og radiologiske bevisa vore viktige. For framtida ser eg denne kombinasjonen av klinikk og radiologi som viktig i komande saker. Kvar enkelt forespørsel/ sak må vurderast enkeltvis.

Ultralyd

Vi ved Firda fys med senter er godt i gang med U-lyd for diagnostikk og veiledande under fokusert trykkbølge behandling (sistnemnde vil eg kome tilbake til seinare). Slik vi ser funksjonell u-lyd nakke vil det bli eit viktig element i framtidig diagnostikk. Vi nytter prosedyre utvikla av dr. Refael Contreras og Dr. Alejandro Ortega-Romera ved Department of Anesthesia, Clinica Virgen del Mar, Madrid.

I tida framover vil vi ytterlegare oppdatere pasientar mht ulike typar radiologi og kva nytte vi har av det i diagnostikk og rehabilitering. Følg oss tett på vår heimeside og på Facebook.

Rehabilitering

Vi ved Firda fys med senter har lang erfaring mht rehabilitring av personer med nakkeskade. Mange av dei som kjem til oss har moderate skader med moderate tap av funksjon til nakke og rygg. Andre igjen har betydelege skader – med omfattandane avvik til nakke-rygg funksjon. Slik kunnskapsnivået er pr. i dag, har det offentlege helsevesen ikkje god nok kunnskap verken om diagnostikk eller rehabiliteringstiltak av nakkeskader for å få sett i gang ei tilfredsstillande rehabilitering. Dette ynskjer vi ved Firda fys med senter å gjere noko med.

Firda fys med senter er eit lite men svært kunnskapsrikt senter. Vi yter stor innsats og vi har nådd langt både på innhald og resultat for deg som nakkepasient. Vi er klar over at mange søker "quick fix" på sine problem. Vi trur at det kun er i eit fåtalls tilfelle at ein kan løyse helsemessige utfordringar med "quick fix" teknikkar.

Målsettinga må heilt klart vere å kome inn med målretta teknikkar innan diagnostikk og rehabilitering på eit så tidleg tdspunkt som mulig. Dessutan bør ikkje kroppen din vere redusert på grunn av langvarig medisinbruk. Vi har opplevd pasientar som gjennom mange år ukritisk har blitt tildelt medikament som har virka svekkande kroppsleg på styrke og funksjon. Det å få til eit meiningsfullt rehabliterings-opplegg kan då vere svært vanskeleg.

Men det er med glede og entusiasme vi ved Firda fys med senter kan tilby eit rehabiliteringsoplegg – der diagnostikk og tiltak innan rehabilitering heng tydeleg saman. Få metodar slår ein erfaren kliniker. Klinikaren må i framtida spele ei mykje viktigare rolle enn det han gjer pr. dato. Klinikaren skal vise retning på andre tiltak og metodar.

Laser klasse 4 og fokusert trykkbølge

Vi er stolte over å kunne tilby det beste innan laser (klasse 4) i kombinasjon med det nyaste innan fokusert trykkbølge, med probe som er tilpassa m.a. nakkens muskler og ledd.

Vi ved Firda fys med senter arbeider med største alvor og innsats for å gjere livet ditt så symptomfritt og funksjonsdyktig som mulig. Vi ynskjer at du skal få bruke livet ditt slik du sjølv planlegg, leve livet ditt slik du vil ilag med dine kjære, og ikkje få det øydelagt av eiga dårleg helse og eit offentleg helsevesen som ikkje tek dette på fullt alvor.

Diagnostisk u-lyd er viktig før- og under behandling. Så nøyaktig treff med ledd- og bløtdelstekanikkar, samt retning for laserlys og fokusert trykkbølge er avgjerande for godt resultat. Lang erfaring, god kunnskap og det beste innan utstyr er avgjerande for godt resultat. Vi gjer vårt ytterste – for at resultatet for akkurat deg også blir det beste.

Aktiv test- og trening av nakken – Multi Cervical Unit – MCU

Multi Cervcal Unit – eit presis verktøy for diagnostikk og rehabilitering. I erfarne hender er dette eit svært viktig og avgjerande hjelpemiddel i rehabilitering av dysfunksjoner i nakken din.

Trening i sal – riktig opplegg for eigentrening

Målretta trening er svært viktig – og heilt avgjerande for å overføre rehabilitert nakke- og rygg funksjon over i dit daglege liv. Vi kan ikkje vektlegge dette feltet sterkt nok! Skal du kunne delta i dine daglege gjeremål, treng du ein sterk og godt trent kropp. Du treng opplegg for effektiv heimetrening. Då er du komen til rett stad; Firda fys med senter, med sjefstrenar Inge Eikenes.

Så følg med her på vår heimeside eller følg oss på Facebook. I tida framover vil vi legge fram ny informasjon mht diagnostikk og rehabilitering.

Velkommen til Firda fysikalsk-medisinsk senter!

Brukarundersøking

Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"


Les heile brukarundersøkinga her (PDF).