Firda fysikalsk-medisinsk senter | Fagstoff

Fagstoff

Diagnostikk av nakkeskader

Mange lid av symptom og redusert nakkefunksjon etter nakkeskader. Presis diagnostikk av nakke/ hovud dysfunksjon med symptom og følgjetilstandar etter nakkeskader er derfor svært viktig. Vi i Norge er heldige som har eit godt helsevesen som har mykje godt utstyr, dyktige fagfolk og gode rutinar til å følgje opp slike diagnostiske utfordringar.

Vi registrerer likevel at altfor mange ikkje får den oppfølging dei burde hatt i forhold til sine betydelege symptom og plager når det gjeld diagnostikk og behandling. Mange personar har i dag såpass sterke og invalidiserande symptom og plager at dette øydelegg for ein god kvardag og eit normalt arbeidsliv.

Vi ved Firda fysiskalsk-medisinsk senter på Sandane arbeider for ei meir aktiv tilnærming til funksjonell klinisk og radiologisk diagnostikk. Til meir detaljert kunnskap vi har om struktur og funksjon, til betre rusta er vi til å igangsette meir effektive tiltak.

Det er no meir enn ti år sidan Kråkenes og Kaale avslutta sine pilot prosjekt på nye MRI metodar og klinisk diagnostikk. Som dei fleste har fått med seg vart det i etterkant av desse arbeida ein del diskusjon og usemje om tolking av MRI resultata, og i kva grad ein skulle nytte denne metoden i klinisk praksis. Resultatet vart at ein la metoden på hylla, og ein fortsette som tidlegare utan endring av radiologisk tilnærming. Dette var ei slutning vi ved Firda fysikalsk-medisinsk senter var ueinige i.

Internasjonalt samarbeid

Internasjonalt har det skjedd mykje dei siste ti åra. Når ein har kontakt med medisinske miljø i andre land, ser ein at Kråkenes/ Kaale arbeida absolutt ikkje har gått upåakta hen. Det er inspirerande å sjå at våre arbeid har stimulert andre fagmiljø og vore medverkande til andre miljø sine arbeid retta mot klinikk og radiologi for personar med nakkeplager/ skader.

Vi ved Firda fysikalsk-medisinsk senter nyttar primært norsk helsevesen sin kompetanse innan medisin/radiologi. Dette gir gode resultat i mange tilfelle. Likevel kjem vi fort til kort i dessverre alt for mange tilfelle. Derfor har vi over nokre år no utvikla eit tett og godt samarbeid med utanlandsk medisinsk kompetanse.

Trø varsamt

Internett og større reiseverksemd har gjort det lettare å vere meir oppdaterte på internasjonal medisinsk diagnostikk og behandling. Det er lettare i dag for pasientar å søke utanlands etter meir effektive tiltak i diagnostikk og rehabilitering. Ein skal likevel vere forsiktig, fordi dei medisinske tilboda er mangfaldige og i mange tilfelle litt uoversiktlege. Andre land har også ein annan kultur enn det vi er vande med her heime til akkurat å selje inn sine helseprodukt i ein hektisk helsemarknad. Så vi trur det er viktig å trø varsamt. Vi ser i dag i Norge fleire aktørar som sel turar med utanlandske helsetilbod. Ikkje alle er like godt gjennomtenkte mht val av diagnostikk, kva resultata kan brukast til og type behandlingstiltak.

Vi ved Firda fysikalsk-medisinsk senter på Sandane har arbeidd internasjonalt nokre år no. Vi prøver å sy saman eit samarbeid mellom norske helsefaglege aktørar/ tilbod med meir spesialiserte diagnostiske og behandlingsmessige tilbod internasjonalt. Vi ser eit betydeleg potensiale i dette arbeidet framover.

Aktuelt

Brukarundersøking

Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"


Les heile brukarundersøkinga her (PDF).