Firda fysikalsk-medisinsk senter | Fagstoff

Fagstoff

Alle bilder som blir brukt til illustrasjoner (ultralyd bilder, CT og MRI bilder) er gjengitt med skriftlig samtykke frå kvar enkelt person.

Alle bilder har copyright ©.

Alle CT og MRI bilder blir redusert i kvalitet ved utlegging på vår heimeside. For best mulig kvalitet skal alle bilder lesast direkte frå originalopptak.

Fagstoff 2018: Rehabilitering, del 2. Behandling- og rehabiliteringstiltak ved Firda fys med senter

Pasienteksempel (pasienteksempelet er sett saman frå fire ulike pasienttilfeller – grunna anonymitet): Du har plager primært til nakke/ hovud og nakke/ skuldre/ øvre del av brystrygg. Det er 6 år sidan biltraumet – der du vart påkøyrt frå sida av ein stor Van...

Fagstoff 2018: Rehabilitering, del 1. Refleksjonar rundt behandling/ rehabilitering av nakkeskadde ved Firda fys med senter.

Vi er no komne fram til korleis vi ved Firda fys med senter arbeider i fht rehabilitering av personer med følgje-tilstander etter ein eller fleire nakkeskader. Før vi går i gang med omtale av konkrete tiltak og metodar vil eg prøve å synleggjere litt av det tankegods som vi må arbeide oss grundig igjennom FØR ein kjem til konkrete tiltak...

Fagstoff 2018: Del 11 - Gut, 19 år

Nakkeskade fotball august 2016. Oppstart rehabilitering januar 2017 – avslutta des. 2017 – kontroll april 2018. Etter rehabilitering: Normalisert og smertefri nakkefunksjon...

Fagstoff 2018: Del 10 - Framskritt i funksjonell ultralyd diagnostikk cervical columna

Tilfelle: Alvorleg sideslengstraume nakke. Arne Nesgård og Morten Leirgul ved Firda fys med senter har gjort eit stort framsteg i ultralyd diagnostikk for å kunne diagnostisere instabilitet atlanto-axial ledd (øvre nakkeregion) – sidebøy/ gapping. Dette leddet skal vere stabilt ved sidebøy/ gapping. Klinisk sett har vi testa aktuell instabilitet i lengre tid – men det har vore vanskeleg å framstille instabiliteten ved hjelp av ultralyd/ radiologi...

Fagstoff 2018: Del 9: CT OG MRI – Funksjonell cervical radiologi etter Firda fys med metoden

Presis diagnostikk – ein føresetnad for målretta tiltak i behandling og rehabilitering. Nakke og ryggskader: Du treng ein grundig klinisk undersøking av erfaren terapeut. Dei som skal hjelpe deg treng lang fartstid innan diagnostikk av nakkeskader for å vere best rusta til å hjelpe deg...

Fagstoff 2018: Del 8: Nakkeskader etter ulike traumer er eit alvorleg og omfattande helse- og samfunnsproblem i Norge

Mange takk for stor interesse (telefonar, mails og vår heimeside: www.firdafysmed.no). Vi ved Firda fys med senter prøver å følge opp mails og telefoner så godt vi kan. Til dei som synes svara blir for korte, vil eg be dei fortsette å følge www.firdafysmed – fagstoff. Dessverre rekk ikkje tida vår til til å svare utfyllande på alle dei forespurnadar som kjem kvar dag. To spørsmål går igjen:...

Fagstoff 2018: Del 7: Meir om atlanto-axial (C1-2) rotasjonsinstabilitet

Takkar for svært stor interesse for vårt utlagde fagstoff på vår heimeside. Svært gledeleg at vi også har såpass mange utanlandske fylgjarar. Takkar for skryt for vår engelske versjon. Æra for den gjev eg vidare til våre to oversettarar frå USA og England. Spesielt stor respons frå pasientar og helsefagfolk kom etter fagdel 5. Viktige moment som eg har fått tilbakemelding på der er:...

Fagstoff 2018: Del 6: Kontrollmateriale

Når ein skal vurdere kvalitet og funksjon av ligament og leddkapslar i overgang nakke/ hovud støyter ein raskt på ei utfordring. Har det nokon hensikt å vurdere kvalitet og funksjon av passive stabilisatorar i nakken din? For kva er normalt? Kva skal vi bruke som normalt samanlikningsgrunnlag enten ein testar ein struktur klinisk – passivt eller aktivt, eller vurderer strukturen via MRI?

Fagstoff 2018: Del 5 – MRI 3T – T2 vekta sekvensar, STIR sekvensar.

Skal ein ha den minste sjanse til å lukkast med funksjonell/ posisjonell CT og MRI – må ein gjere eit skikkeleg forarbeid som klinikar. Klinikaren må ha inngåande teoretisk og klinisk kjennskap til nakkens anatomi og funksjon, samt betydeleg erfaring med tilrettelegging av nakken på CT og MRI brettet. Der må vere tett og godt samarbeid med radiologisk personale.

Fagstoff februar 2018: Del 4 – Computer Tomografi (CT)

Person med betydeleg nakketraume – klare avvik i funksjon med omfattande symptomatologi. Har vi kontroll på bein- og leddstatus i nakken? Kan radiologi (her CT) hjelpe oss i ein meir presis diagnostikk?

Fagstoff februar 2018: Del 3 – UPRIGHT MRI

Det er tysdag 20. februar og eg har teke ei veke fri med familien på Gålå. Planen var å ta heilt arbeidsfri, men slik gjekk det ikkje. Etter 2 utleggingar på vår heimeside; firdafysmed.no - fagstoff, så har ikkje telefonen stått. Etter å ha arbeidd med nakkeskader i snart 34 år kan eg ikkje huske å ha hatt så mange timer i telefon som tilfellet har vore no i dei to siste vekene...

Fagstoff februar 2018: Del 2: Nakkeskader – vevsregenerasjon – vevsmodellering

Ved nakketraumer oppstår det ofte vevsskader. Ytre belastninger overgår styrken til leddband, leddkapsler, meniskfester, muskler og senefester. Ytre traumer øydelegg dine viktige blautdelsstrukturar, slik du opplever smerter, nedsatt nakke/ hovudfunksjon og dermed betydeleg redusert livskvalitet og arbeidsevne. Derfor er det svært viktig at vi så raskt som mulig får god oversikt over skadane, og dermed kunne sette igang effektive rehabiliteringstiltak...

Fagstoff januar 2018: Del 1: Vevsskade – vevsdiagnostikk – vevsregenering – vevsremodellering

Ved nakkeskader kan det oppstå skader til leddband, leddkapsler og menisker i nakken. Fellesnemnaren for desse skadene er at vevet som er skada hovudsakleg består av collagent vev. Presis diagnostikk over skada vev er avgjerande for eit godt utgangspunkt for presis rehabilitering. High-end ultralyd er for oss ved Firda fys med senter eit svært viktig hjelpemiddel i presis vevsdiagnostikk...

Fagstoff februar 2017: Diagnostikk av nakkeskader

Sidan forrige oppdatering har det vore ei positiv utvikling innan både diagnostikk og rehabilitering av nakkeskader, ei utvikling vi har delteke aktivt i. Når det gjeld diagnostikk står den manuelle undersøkinga like sterkt som før. Utan detaljert kunnskap og funn frå nakken din er det vanskeleg å legge vidare planer mht diagnostikk. Først gjeld dette mot radiologiske undersøkingar. Utan ein detaljert klinisk undersøking er det ikkje mulig å lage ein målretta radiologisk prosedyre for vidare undersøking...

Fagstoff januar 2015: Diagnostikk av nakkeskader

Mange lid av symptom og redusert nakkefunksjon etter nakkeskader. Presis diagnostikk av nakke/ hovud dysfunksjon med symptom og følgjetilstandar etter nakkeskader er derfor svært viktig. Vi i Norge er heldige som har eit godt helsevesen som har mykje godt utstyr, dyktige fagfolk og gode rutinar til å følgje opp slike diagnostiske utfordringar...

Aktuelt

Brukarundersøking

Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"


Les heile brukarundersøkinga her (PDF).