Ønskjer du undersøking ved vårt senter?

  • Ta kontakt med din fastlege eller spesialist for å få henvisning til undersøking.
  • Har du teke MRI, legg ved MR-beskrivelse saman med henvisning.
  • Ver venleg og legg ved mobil- eller telefonnummer du er tilgjengeleg på!
  • Send henvisning og kontaktinformasjon til: Firda fysikalsk-medisinsk senter AS, Postboks 194, 6821 Sandane. (Sensitive opplysningar skal ikkje sendast pr. e-post)
  • Når vi har mottatt henvisninga, tar vi kontakt med deg pr. telefon for å avtale dag og tid som høver for undersøking. Same dag sender vi ut brev om timen som er avtalt.
  • Måndag er fast dag for undersøking. Vi tilrår at du kjem til Sandane søndag. Når undersøking er gjennomført, kan du reise heim att same dag.

Pris for full undersøking nakke, inkl. test i Multi-Cervical Unit: 6.250,- kr

Vi gjer merksam på at denne undersøkinga ikkje er dekka av NAV.

Informasjon om overnatting, flyruter og det du treng for å planlegge reisa di, finn du under reiseinformasjon og overnattingstilbod.

Det er fysioterapeutane Morten Leirgul eller Arne Nesgård som undersøker deg. Bertel Rune Kaale har ansvar for rehabilitering.

Brukarundersøking

Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"


Les heile brukarundersøkinga her (PDF).