Diagnostisering

Firda fysikalsk-medisinsk senter har sidan 2000 hatt eit særskilt tilbod ved undersøking av personar med symptom og funksjonsavvik til nakke-hovud.

Dette er eit diagnoseprogram som delvis vart utvikla i samarbeid med BTE Technologies i Baltimore, USA.

Våre terapeutar ved Firda fysikalsk-medisinsk senter har etter snart 14 års arbeid opparbeidd seg eit betydeleg teoretisk og praktisk kunnskapsnivå gjennom diagnostisering og rehabilitering av personar med nakkeskade.

Mange lid av symptom og redusert nakkefunksjon etter nakkeskader. Presis diagnostikk av nakke / hovud dysfunksjon med symptom og følgjetilstandar etter nakkeskader er derfor svært viktig.

Vi registrerer at mange ikkje får den oppfølging dei burde hatt i forhold til sine betydelege symptom og plager når det gjeld diagnostikk og behandling. Firda fysikalsk-medisinsk senter har derfor over nokre år no utvikla eit tett og godt samarbeid med utanlandsk medisinsk kompetanse. Les meir...

Innhaldet i undersøkinga

Opptak av sjukehistorie (anamnese)

Anamnese

I anamneseopptaket prøver terapeuten å innhente opplysningar frå pasienten om eventuelle nakke-/hovudtraume som kan være underliggande årsak til pasienten sine vedvarande plager.

Traumeretning, fallmekanisme, nakken sin posisjon i treffaugneblinken kan være viktige opplysningar som kan leie til ein mistanke om skadepåverknad til ulike vevsstrukturar i nakken.

I tillegg er det viktig at pasienten skildrar dei ulike symptoma - korleis dei var i starten, etter kvart, og kva som er dei aktuelle plagene i dag.


Klinisk undersøking

Klinisk undersøkelse

Test av ledd og blautvevs-funksjon er viktig for å finne ut korleis nakken din fungerar.

I den kliniske undersøkinga blir hovudfokuset nakken som kan delast inn i 3 ulike avsnitt; øvre (C0-C2), midtre (C3-C5) og nedre del (C6-Th2). Øvre nakkeavsnitt blir igjen inndelt i øvre (atlantooccipitalledd C0-C1) og nedre avsnitt (atlantoaxialledd C1-C2).

Terapeuten prøver å vurdere korleis dei enkelte avsnitta i nakken er og korleis dei påverkar kvarandre. Resten av ryggsøyla blir også testa saman med skulder, kne, ankel for og sjå etter eventuelle samanhengar til dei aktuelle plagene.


Test i Multicervical Unit (MCU)

MCU er ein nakkemaskin som er spesialdesigna for nøyaktig testing av bevegelighet og styrke i nakken.

I MCU testar vi evne til belastning i fht rørsleutslag.På denne måten kan vi finne skadestad/område for funksjonssvikt.

MCU-prosedyren er inndelt i to; bevegelsestesting av nakken og koordineringstestar.

I første test prøver pasienten sjølv å vise kor mykje han/ho klarer å bevege nakken i ulike retningar; bøying framover, rotasjon, sidebøy og bøying bakover. Resultatet blir samanlikna med forventa normalverdi.

Vi ser også etter måten han beveger på, eventuelle kompensasjonar samt rytmen/flyten i bevegelsen under gjennomføringa. Pasienten blir testa med 100 til 500 grams motstand under MCU-økta.

Terapeuten ser korleis dei ulike nakkeavsnitta samspelar og i kva slags rekkefølgje dei blir rekruttert underveis i bevegelsesbana.


Gjennomgang av MRI/røntgen

Det blir ikkje utført MRI her ved senteret, då vi meiner at pasienten får ein fullgod diagnoseutredning i den omfattande testprosedyren.

I nokre tilfelle kan det likevel vere viktig å gjennomføre funksjonsrøntgen eller standard MRI på heimstaden for å få ytterligare informasjon. Resultata frå desse radiologiske undersøkingane er då viktige bidrag i vår undersøking/rehabilitering.


Diagnose

Ut frå denne grundige undersøkinga har vi eit godt grunnlag til å konkludere med ein nøyaktig funksjonsdiagnose, som igjen dannar grunnlaget for rehabilitering av den aktuelle funksjonssvikten i nakken.

Vi ved Firda fysikalsk-medisinsk senter er stolte over vår faglege utvikling, og den hjelp vi har kunne bidrege med for mange personar frå inn- og utland, både når det gjeld diagnostisering og rehabilitering.

Meir informasjon om korleis du skal gå fram for å komme til undersøking hos oss finn du under: "Korleis bestille undersøking".

Brukarundersøking

Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"


Les heile brukarundersøkinga her (PDF).