Bertel Rune Kaale

Bertel Rune Kaale

Personalia:

Bertel Rune Kaale, fødd 1959, bur på Sandane i Gloppen kommune. Kaale vart utdanna fysioterapeut i Bergen i 1984. Vidareutdanning i manuellterapi i Tromsø i 1991. Han oppnådde graden cand. scient i 1996, med hovudfag i fysioterapi ved Universitetet i Bergen. Frå og med 1999 og fram til 2009 har Kaale vore knytt til Institutt for kirurgiske fag ved Haukeland Universitetssjukehus i Bergen. Ved sida av sitt doktorgradsarbeid har han arbeidd som manuellterapeut på Sandane.

Bertel Rune Kaale disputerte den 13. november 2009 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Clinical aspects in the late stage of whiplash injury”. Resultat frå denne studien tyder på at det føreligg skadar på leddband og membranar i overgangen mellom nakke og hovud hos pasientar med whiplashplager.

Meir om doktorgradsavhandlinga finn du her:

http://www.uib.no/info/dr_grad/2009/Kaale_BertelRune.html


Årets manuellterapeut 2010 – Roar Jensen og Bertel Rune Kaale

For pasientar er Bertel Rune Kaale mest kjend som behandlar av nakkeskadar ved Firda fysikalsk- medisinsk senter på Sandane. Fleire medie har fatta interesse for, og omtalt, behandlingsmetodane som blir nytta ved senteret, og som har gjeve gode resultat. Hans forskning tyder på at symptom og plager hos personar med nakkesleng kan ha sammenheng med mulige skadar i ligament og membranar i nakken. I mange år har det vore gjengs medisinsk oppfatning at nakkeslengsmerter skuldast psykiske forhold hos pasienten. Kaale sine resultat nyanserer og endrar denne oppfatninga.

Bildet viser Elisabet Juvet frå Manuellterapeutenes Servicekontor, Bertel Rune Kaale (midten) og Roar Jensen ved prisutdelinga.

Brukarundersøking

Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"


Les heile brukarundersøkinga her (PDF).